Interkommunalt Arkiv i Vest-Agder IKS

-Vi har en del av historien din

Kampen om lønna

Hvor mye en lærer tjener har vært mye debattert og diskutert i våre dager. Det er interessant å observere at hvis man går nesten hundre år tilbake i tid, vil man se at diskusjonen var den samme da.


 

I 1916 sendte lærerlaget i Vanse et brev til skolestyret i kommunen. I brevet ba de skolestyret om å øke lærerlønningene. Kravet var å øke ukelønna til 30 kroner for "storskulen" og 24 kroner for "smaaskulen". Følgende utdrag er fra det brevet: 
 

Skulebudsjettet vil auka med ikring 2838 kr for storskulen og 1076 kr for smaaskulen.
 

Naar lærarlaget ser seg nøydd til aa beda um auking av lærarløna, so kjem det av alt som trengst til livsupphald hev stige so mykje i pris, at løna no ikkje er verd so mykje som tvo tridjepartar av det ho var for 4 aar sidan. Av den grund er det vanskeleg aa greia seg no; ja mange kann ikkje klara seg utan aa koma i gjeld. Dette maa alle lett kunna skyna, naar dei ser paa at lærarløna enno er den same som ho var i 1909, medan alt som trengst til livsupphald, hev stige med ikring 60 % i medeltal.
 

Naar livevilkaari vert tyngre, so vil dei trykkja særleg sterkt paa folk med fast løn. Og for skulen si skuld hev det mykje aa seia at lærarane ikkje arbeider under for trykkjande kaar.
 

Vert ein lærar plaga av pengesorger, so stel det mykje av arbeidshugen og kjærleiken til skulen.
 

Det driv ogso læraren til aa søkja seg mangeslags utanumsarbeide, som tek mykje av den beste kraft fraa undervisninga.
 

Skal ein lærar kunna leggja sin fulle arbeidskraft og arbeidshug i skulen si tenesta, so maa han vera fri for økonomiske sorger og ha raad til aa fylgja i den rike utvikling som no gjeng fyre seg i skulefaget.
 

Det er ein ting til som er vært aa sjaa paa, og det er at Vanse løner sine lærarar mykje mindre enn andre herad med same økonomiske evne, og ligg av den grund heilt under i kappe striden om aa faa dei beste lærarkrefter.
 

Vanse lærarlag 12. februar 1916.
 

Alle lærarar og lærarinnar skreiv under.
 

22 underskrifter.
 

Søknaden er skriven av Abraham Vere.

Publiseres med eRedaktør
Logg inn